Mål og planar.

Me er komne fram til siste dagen i 2012. Sjølv om dette er ein heilt vanleg kvardag her i Israel, kan ein jo ikkje unngå å leggje merke til at i dag skriv me 2012, og i morgon skal me skrive 2013. Og dette er jo slikt som kan setje tankar i gang hjå dei av oss som er litt filosofisk anlagt. Ein tenkjer tilbake på året som har gått, og ein tenkjer framover på året som ligg framfor. Ein tenkjer på stort og ein tenkjer på smått. For min del er det eigentleg mykje smått. Mange små augneblink, som saman gir meg eit rikt liv eg er utruleg takksam for!

Mange set seg på denne tida av året nyttårsforsett. Mål for korleis alt skal verte så mykje betre frå no av. Noko eg har tenkt på ein del det siste året er at ein når vanlegvis ikkje desse måla dersom ein ikkje lagar seg ein plan og fylger den planen, steg for steg, trufast frå byrjing til slutt. Dersom planen og gjennomføringa av den uteblir, vert det heile berre ønsketenkning.

Ein kan ha tankar som – Det hadde det vore kjekt å gjere ein gong…, eller – Ein gong vil eg gjere det… Men dersom ein verkeleg vil gjennomføre det, så må ein lage seg ein plan og byrje å handle deretter! Og så skjer det ting!!

Noko nytt for meg dette året er jo nettopp denne bloggen! Eg starta min første og einaste blogg no i 2012, etter å ha tenkt på det i fleire år faktisk. Som kjendt er eg jo også ein stor tilhengar av at det er ei tid for alt, og eg seier ikkje at alt du vil få gjort her i livet, må du gjere akkurat no, men det er jo kjekt å kome i gang med iallefall eitt prosjekt, å lage eitt mål om til ein plan.

Noko eg ser fram til å gjere i 2013 er å springe mitt første fulle maraton den 15. mars i Tel Aviv. (Skrekk og gru! Glede og spenning!) Det er forfriskande med nokon nye prosjekt i kvardagen, å utvikle nye sider ved seg sjølv. Og det er enormt fornøyeleg når ein faktisk når nokon av måla sine, og også delmåla undervegs.

Storebror her i huset har i fleire månadar arbeidd med eit strikkeprosjekt som skulle bli til eit skjerf. Han kjøpte både garn og “quick knit”-reidskap då me var på handletur i Sverige  i sommar, for penger han hadde fått av oldemor og oldefar. Vel heime i Israel var det for varmt å byrje på noko slikt prosjekt, så me venta til litt utpå hausten, og deretter har me hatt mange koselege strikkestunder. Og han har målt fleire gonger undervegs for å sjå kor mange gonger han kunne få skjerfet rundt halsen.

knitting scarf

Og no er det altså ferdig! O, glede stor! Snakk om å vere kjempefornøgd!! Her hadde han kjøpt alt ha trengde for eigne penger, og så strikka det heilt sjølv, – så dette er det inga tvil om at er hans! Og noko anna som er heilt sikkert, er at ingen andre har likt skjerf som han har!! Eg tykkjer det er flott at borna får slike gode opplevingar av å ha arbeidd med noko og så meistra det, å ha oppnådd noko etter å ha investert i det. Det kan virke oppmuntrande også på andre område. (Dette gjeld forresten på ingen måte berre borna!)

Her er eit bilete av gullguten min med ferdig skjerf klar til å gå på skulen der venene vart storleg imponert og nesten ikkje kunne tru at han verkeleg hadde laga det sjølv. (Gjett kven som elska den responsen, då!)

scarf done

Dette er noko eg ynskjer for oss alle i 2013, – at måla våre må verte meir enn ønsketenkning, at me må gjere dei om til planar som me sakte men sikkert gjennomfører. Måtte me leve dei liva me ynskjer å leve! Måtte me skape dei vanane me skulle ynskje me hadde! Det seiast at det tek 28 dagar å skape ein ny vane, så, lat oss byrje i dag!

Mine blanda kjendsler…

Saman med størstedelen av Israel, er eg av den oppfatning at Israel ikkje bør gje seg enno. Dersom me gir oss no, vil tapa me har lidd vere meiningslause, og det er berre eit spørsmål om kva tid me skal gjere ferdig det me starta no. Tida er komen for å stoppe Hamas, som ikkje på nokon måte prøver å skjule at hovudmålet deira er å utslette Israel.

Likevel er eg ikkje den einaste som finn dette komplisert. Dersom me vel å ta dette fullt ut, med bakkestyrkar i Gasa (delvis for å unngå for store sivile tap i Gasa), er det så risikabelt at me må rekne med at prisen vert høg. Når denne risikoen i praksis vert tatt av våre soldatar, som er våre menn, søner og fedre, – så er det klart det vert komplisert.

Soldaten min på veg ut for å forsvare landet sitt.

Men me kan berre ikkje fortsetje slik som det har vore fram til no heller. Det er uakseptabelt at snart halvparten av folket vårt skal leve i konstant frykt for rakett-åtak. Det er kun takka vere Guds under og mirakel at me ikkje har lidd større tap i åra som har gått. Me er nødt til å gjere noko med situasjonen, og det kan virke som om at tida no er inne.

Så utruleg nok går eg her og håpar på at det ikkje vert noko av denne våpenkvila det har vore snakk om. (Fordi eg veit at det ikkje vil verte noko ekte og varig våpenkvile uansett. Me har lært av erfaring at Hamas ikkje er av typen som held denne type lovnadar.) Endå meir utruleg er det at dei som bur i Sderot og Beer Sheva og dei andre byane som dagleg får rakettar mot seg, brukar kvar mulighet dei får til å be leiarane våre om for all del å ikkje gå med på noko våpenkvile!

Hovudet mitt seier at det er dette eg håpar på, men eg kan ikkje alltid få hjartet mitt heilt med på det… Som når eg i dag morgons kom ned for å lage frukost, og berre måtte heilt fort sjekke kva dei siste oppdateringane på nettsidene var, og fann at ein av dei høgaste leiarane innan militæret var hjå desse soldatane som har vorte innkalla no for å gje dei nokon siste oppmuntringsord før den aktive tenesta verkeleg byrja… Då kjende eg som om det søkk djupt inne i meg, – så det skjer verkeleg, altså… Dette som me håpar på, men samstundes skulle ynskje me ikkje trengde å gjere… For me ser for oss våre kjære der inne i alt kaoset, i denne svært farefulle situasjonen, – og det er klart me ville foretrekke å finne ein veg utanom!

No er det enno uvisst akkurat kva som vil skje. Ein høyrer dei ulike meiningane folk rundt om i verda har om kva som bør gjerast. Me ber om at leiarane våre må ha visdom, mot og tru for å gjere det rette. Og me ber om Guds vern over soldatane våre og over oss alle.

Eg lyfter mine augo til fjella…

Eg skrudde på radioen så snart eg hadde sluppe borna av ved skulen i dag morgons, og hadde bilen for meg sjølv. Dette var orda eg høyrde frå ein heilt vanleg israelsk radiostasjon: “Før me går vidare inn på kva som går føre seg her i landet, og korleis dagen framfor oss ser ut, skal me lese ei Salme i bøn saman…” Og midt i alt kaoset som herskar her akkurat no, kjenner eg meg djupt takksam for at eg får bu og leve livet mitt i Israel. Kun i Israel vert det naturleg å starte ei nyhetssending med å lese frå Guds Ord!

English: Flag of Israel with the Mediterranean...

Deretter lytter alle til Salme 121 som vert lesen i sin heilhet:

Eg lyfter mine augo til fjella: Kvar skal mi hjelp kome frå?

Mi hjelp kjem frå Herren, som skapte himmelen og jorda.

Han skal ikkje la foten din vakla, Vaktaren din skal ikkje blunda. 

Sjå, Han blundar ikkje og søv ikkje, Israels Vaktar.

Herren er din vaktar, Herren er din skugge, ved di høgre hand.

Sola skal ikkje stikka deg om dagen, og ikkje månen om natta.

Herren skal vara deg frå alt vondt, Han skal verna di sjel.

Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.

Før radiosendinga går vidare til verkeleg å oppdatere oss om kva som skjer, oppmuntrast me alle til å fortsetje å lese salmer iløpet av dagen, og be for soldatane våre. Det Israelske Forsvaret har nemleg kalla inn svært mange av sine soldatar til svært viktige, men risikable oppgåver i desse dagar. Etter hundrevis av rakettar over ein million israelarar dei siste dagane, gjekk Israel til forsvar, og drap Hamas´ toppleiar, Ahmed Jabari. Dette ser Hamas på som krig, og israelarar kan sjå langt etter den normale kvardagen alle ventar på…

Soldaten vår her i familien, min kjære mann, har faktisk vore i militæret denne veka, og skal etter planen kome heim i kveld. Eg håpar ikkje dette vert forandra i ljos av alt som skjer akkurat no, men me vil sjølvsagt ta vår del i tenesta for og forsvaret av landet vårt me også.

Alt virkar rimeleg usikkert. Dei skyt frå Gasa som aldri før, og i dag morgons klarte dei å drepe tre menneske i ein israelsk by, Kiryat Malachi, med ein av rakettane sine. Fleire andre vart såra, mellom anna to babyar. Ei av dei drepte var ei ung mor som også var gravid. Både mannen hennar og dei tre borna deira er seriøst såra. Utruleg tragisk. (Desse detaljane er oppdatert.)

Rakettane fortset å kome, og alle som bur under førti kilometer frå Gasa vert sterkt oppmuntra til å halde seg innandørs og i nærleiken av bomberom. Forresten, – samstundes som Israel gjer sitt beste for å verne om sine sivile, gjer dei også sitt beste for å verne om Gasa sine sivile menneske. Det vert sendt ut flygeblad, folk vert oppringt, og alle vert oppmuntra til å halde seg langt borte frå all Hamas sin aktivitet. I går øydela me allereide mange av dei stadene Hamas skyt på oss frå, – men me holdt oss borte frå å øydeleggje dei som dei hadde sett opp på skular og sjukehus... Kven gjer slikt, då?? Fører krig midt blandt sårbare sivile?!? Hamas gjer slikt… Diverre. Hamas skyt på sivile menneske i Israel, bak sivile menneske i Gasa. Krigføringa kunne ikkje vore meir ulik den Israel fører.

English: Hamas day care center

English: Hamas day care center (Photo credit: Wikipedia)

Namnet på denne israelske forsvarsaksjonen, er med på å gje oss eit perspektiv på kven det er som går med oss, som går framfor oss, og som vernar om oss midt i alt. Namnet er “Skystøtta”. Igjen, – kun i Israel. Israels Gud har gjort enorme under i tidlegare tider, og Han er den same i dag som Han var då! Takk og lov for at me får tilhøyre Han!

Morgonstund har gull i munn.

Eg vakna av vekkarklokka mi i dag klokka 05.45, trass i at eg har heime-og sofa-dagar saman med son min som er sjuk for tida. Det som får meg til å stå opp ein time før eg må, er at eg vil ut å jogge. Eg følger ein treningsplan som skal hjelpe meg å realisere ein liten (eventuellt stor) plan eg har… Men du, så herleg det er å kome seg ut slik tidleg på morgonen, og liksom vere vitne til at byen vaknar.

Eg møter dei som er ute på avisrunden sin på morgonen eller søppelbilen på sin runde.

Det er alltid litt kjekt å treffe andre som er ute og joggar, og me sender kvarandre liksom eit lite oppmuntrande smil i det me møtast.

Men noko av det som er mest inspirerande på desse turane, er alle dei eg ser som er på veg til eller frå synagogane for å be. Folk kjem ut slik morgon etter morgon, kvar einaste dag. Det var noko som slo meg allereide då eg først kom hit for (hjelp!) sytten år sidan, korleis folk er så fullstendig overgivne til trua si! Det vert skikkeleg ein del av livet deira, ein del av den dei er. Det med at det andelege og det “vanlege” livet er to separate liv, er ikkje noko tema her. Det andelege livet vert ein heilt naturleg del av dagleglivet. Trua eins vert eins livsstil.

Dette er framleis eit av dei aspekta eg er veldig glad i ved livet i Israel.

I Abrahams fotspor…

I dag var eg på ein jobbrelatert tur til Beer Sheva. Me køyrde beine vegen frå Jerusalem, forbi Hebron og vidare til Beer Sheva, og eg nøyt turen over Israels fjell i fulle drag.

Der var eit hint av haustfargar i dei ymse frukthagane me køyrde forbi, men eg innrømmer fort at eg har sett finare haust-syn andre stader. Generellt er nok naturutsikter objektivt sett meir imponerande i Noreg enn det ein kan finne her i Israel. Så kva er det som er så spesiellt med denne turen frå Jerusalem til Beer Sheva??

Det er historia som desse jordflekkane fortel! Det er som om det lyser heilagt frå sjølve jorda! Desse terrasse-belagde ås-sidene med oliventre og vinhagar, – dei har ei heilt enorm historie å fortelje!

Når me beveger oss mellom Jerusalem og Beer Sheva, så går me i Abrahams fotspor! Ekstra spesiellt var det å vere der denne veka, i og med at me les i vår vekentlege Torah-tekst om at Abraham gjekk til Beer Sheva etter at han hadde vore på den framtidige tempelplassen i Jerusalem med Isak, villig til å ofre han der.

Me les om at når Abraham og fylgjet hans nærma seg plassen dei skulle til, og kunne sjå dit langt borte frå, var det berre Isak og Abraham som gjekk vidare åleine. Tradisjonellt er denne første plassen dei kom til, promenaden ikkje langt frå der me bur.

Eg har akkurat starta ein fokusert treningsplan, og tidleg i dag morgons var eg borte på denne promenaden og sprang opp og ned ei lang trapp der (108 trappetrinn for å vere nøyaktig!).

Dette er berre ein liten del av trappa…

Men treningsplanen kan vere aldri så fokusert, – med ei utsikt som den me har frå promenaden er det så og seie umogleg å ikkje stoppe og berre nyte den nokon augneblink!

Me ser rett på Gamlebyen, Tempelplassen, Oljeberget… Den flotte Jerusalemssteinen glimra i morgonsola. Ein kan berre tenkje seg korleis det var for Abraham og Isak å kome hit for tusenvis av år sidan då veldig mykje var annleis, men høgdene og den naturlege vegetasjonen var gjerne liknande.

Noko av det eg elskar ved livet i Israel, er at gjennom dagleglivet, – joggeturar og jobbeturar – kan ein få gå i Bibelens fotspor! Snakk om eit rikt liv!! Jammen har eg mykje å vere takksam for!

Å leve i land-lovnader.

“Og Herren sa til Abram: Drag bort frå landet ditt og ætta di og frå farshuset ditt til det landet som eg vil syna deg… Så drog Abram av stad, slik som Herren hadde sagt til han… Dei drog ut for å fara til Kanaans-landet, og dei kom dit. Og Abram drog gjennom landet til Sikem-bygda… Derifrå flytte han til fjellet austanfor Betel… Abram drog så vidare mot landet lenger i sør… — …Og Abram flytte telta sine, Han kom til terebinterlunden åt Mamre i Hebron, og busette seg der.” 

Dette er berre eit lite utdrag frå teksta frå Toraen (1.Mos. 12 – 17) som vert studert av jødar over heile verda denne veka, og som vil verte lesen i sin heilhet i synagogane på sabbaten som kjem. Eg har lese teksta fleire gonger sjølv denne veka, og kjenner at eg vert rimeleg begeistra over det eg les!

Lovnadene frå Gud er både mange, store og sentrale. Både før Abram var komen til det lova landet:

“Eg vil gjerna deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort, og du skal verta til velsigning…”

Og etter at han allereide var komen fram:

“Lyft no augo dine og sjå deg ikring frå staden der du står – mot nord, mot sør, mot aust og mot vest! For heile det landet du ser, vil eg gje deg og ætta di til alle tider.”

Det verset som likevel vart mest sentralt for meg denne gongen var det frå 1.Mos. 13,17:

“STÅ OPP OG DRAG GJENNOM LANDET SÅ LANGT OG SÅ BREITT SOM DET ER! FOR DEG VIL EG GJE DET.”

For meg vart dette ei påminning om at Gud vil at me skal gå, røre oss og vere i heile landet vårt! Me må vandre på stiane som forfedrane våre gjekk på! Me må spreie oss og busetje oss over heile Israels land! Det var jo nettopp dette Gud sa til Abram, at han skulle dra gjennom heile landet, – for deg vil eg gje det!!!

Det er ein samanheng her, mellom det å faktisk vere på ein plass og det å ha eit eigarforhold til plassen. På godt norsk vert det som ei slags buplikt… 🙂

Tradisjonen seier at på Abrahams tid var det slik at fotavtrykket ditt, det var underskrifta di. Så når no Abraham gjekk rundt over heile landet og sette sine fotavtrykk overalt, var det ein måte å kommunisere det på, at dette var hans eigedom.

I våre tider er det igrunnen ikkje så heilt ulikt. Dersom me ikkje oppheld oss på ein plass, varer det ikkje lenge før andre oppheld seg der og før eller seinare er det underforstått at det er deira…

På bakgrunn av dette, støtter eg veldig sterkt opp om dei av vårt folk som bur i dei jødiske landsbyane i Judea og Samaria. Det er ikkje eit lett liv dei har valgt, men snakk om kor meiningsfullt, då!! Dei lever verkeleg ut trua si på Israels Guds evige lovnader til sitt folk! Og dei speler ei kjempeviktig rolle for heile landet vårt, – hadde dei ikkje vore der, desse unge familiane med slik ei sterk kjærleik for Israels land og folk, – så er det mykje truleg at desse områda ikkje ville høyrt til under Israels noverande grenser.

Frå tanken om å vandre overalt og slik vise at det tilhøyrer ein, vert me også minna på at dersom me avgrensar området me rører oss i berre slik i dagleglivet også, så er det som om me fråskriv oss retten til det. Det gjeld ikkje berre der ein vel å busetje seg. Folk som ikkje kjenner seg på heimebane i gamlebyen, til dømes, er i dette lys på god veg til å gje opp det området.

Måtte me leve liva våre på Guds evige lovnader og alltid vandre trufast til Hans kall!

Ein liten strandtur og store tankar om livet.

I dag var eg i kystbyen, Ashkelon på ein jobb-relatert tur. Så snart eg kom ut av bilen, kjende eg den høge luftfuktigheten og samstundes kjendsla av at eg er nær sjøen! Då eg var ferdig med oppdraga mine, hadde eg ikkje mykje meir tid enn det eg trengde for å kome meg tilbake til Jerusalem og hente borna på skulen, men litt tid hadde eg. Og sjøen har såpass stor plass i hjarta mitt, at det er vanskeleg å være så nær og likevel ikkje skikkeleg sjå han… 

Så eg fekk meg 15 herlege minutt på stranda! O, glede stor!

Å trø barbeint i sanden…

Å fylle lungene med sjøluft…

Å nyte synet av det uendelege havet…

Å kjenne vatnet rundt beina…

Køyreturen mellom Jerusalem og Ashkelon er på omlag ein time kvar veg, og denne gongen var eg åleine på tur, noko som gir god ro til å tenkje. Eg filosoferte over så mangt, mellom anna over det aldri så lille spørsmålet: Kva vil eg eigentleg med livet mitt? 

Svaret som brann i meg i dag var at eg vil verkeleg LEVE! Eg vil vere bevisst til stades kvar einaste dag i livet mitt! Eg vil vere ein av dei som ikkje treng ei nær-døden-oppleving for å vere skikkeleg takksam for sjølve LIVET! For tenk, for ei enorm gåve livet eigentleg er!!

Eg ynskjer å vere med å påverke. Å etterlate meg fotspor som viser at eg var her.

Mest av alt ynskjer eg å leve det livet Gud skapte meg til å leve! Eg vil vere den beste meg eg berre kan! Når dette vert for høgtsvevande, tenkjer eg at eg ynskjer å vere den beste mora borna mine kunne ha! Eg ynskjer å vere så god ei kone som eg berre kan for mannen min! Eg vil investere i livet og i dei rundt meg. Eg ynskjer å vere trufast til Guds kall over livet mitt!

Har du tenkt over det i det siste, kva du vil med livet ditt?