Koseutfordring

I fleire år har eg fulgt NIB – norskeinteriorblogger.no, og eg likar svært godt utfordringane dei har ein gong i månaden. No slo det meg plutseleg at denne gongen kunne jo eg også vere med! Men, -eg har jo ikkje ein interiørblogg… ikkje eigentleg… Men når sant skal seiast er jo bloggen min om dagleglivet mitt, og dei som kjenner meg veit at interiør er ein del av kvardagen min eg er glad i! 🙂

Når eg så fann ut at månadens konkurranse var KOS, tok eg det som ei bekrefting på at eg skulle vere med, – eg elskar jo KOOOOOS! Er det noko eg ynskjer å formidle gjennom interiøret i heimen min, så er det KOS! Tidsfrista går ut i kveld, så no var det berre å hive seg rundt å lage eit raskt lite innlegg…

Oppe i kalde nord har de jo for lenge sidan flytta innandørs for å kose dykk. Her, derimot, er det enno herleg herleg å kose seg ute. Men eg lengtar veldig etter den koselege hausten, og har difor allereide vore innom lagerrommet og funne fram saueskinna og slikt. For det er jo så kooooos!

Saman med den heimestrikka puta mi og det prikkete kose-teppet, ligg det no ute på verandaen og innbyr til kos med bok og kaffi. Kjærleiken min for kos og alt som er koseleg har så absolutt smitta over på borna mine! Det tok iallefall ikkje lang tid før den lille prinsessa mi hoppa oppi denne kosestolen! 😉 Når temperaturane berre vert noko lågare, går begge mine små rundt med kvart sitt saueskinn og sit på det når dei gjer lekser, eller ligg på det på golvet når dei legg puslespel og så vidare.

Eg legg stor vekt på kosefaktoren her i heimen. For meg er det noko av det som gjer eit hus til ein heim. Det at ein kan kome heim og slappe av og kose seg der, kjenne seg heime der, kjenne at ein kan vere seg sjølv der.

Advertisements

2 thoughts on “Koseutfordring

  1. TINS ROSE says:

    So inspiring to see your photos from
    Jerusalem. 🙂

  2. Te'ena says:

    Thank you for your encouraging comment! 🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s