Mitt Jerusalem…

Image

Dersom du stussar litt ved overskrifta, så vit at det gjorde eg også! Den heilage byen, Jerusalem, tilhøyrer jo først of fremst Herren! I tillegg er Jerusalem Israels evige hovudstad. Så kven er eg, som kjem her og kallar Jerusalem mitt?! Vel, sjølvsagt snakkar eilt anna nivå av “mitt”… Og eg er på ingen måte den første som snakkar om “My Jerusalem”. Folk har skrive bøker under denne tittelen, arrangert turar med dette namnet, kalla forestillingar “My Jerusalem” og så vidare og så vidare.

Image

Det som er med Jerusalem, er at ein liksom kjenner at ein får eit verkeleg forhold til byen, ein vert skikkeleg glad i plassen! Den unike atmosfæra, det utrulege mangfaldet i folket, den enorme historia som kvar ein stein her kunne fortelje!

I dag morgons var eg ute på ein herleg joggetur, som eg la via gamlebyen. Eg valde “the scenic route” og tok maaaaange bilete. (*Alle desse fotograferingsstoppa virka ikkje akkurat positivt inn på gjennomsnittstida som Iphonen viste, men men…). Det eg kom fram til, var at sjølv på denne lille turen over kun ein liten del av Jerusalem, var der kjempemange stader som eg har minner og opplevingar knytta til. Det er som om eg har lagt att ein liten del av meg både her og der. Eller, – som om at Jerusalem har vorte ein del av den eg er i dag. 

Til dømes sat eg for over fjorten år sidan på denne benken saman med ei veninne og snakka om kva for ein leilighet me skulle leige saman her i Jerusalem.

Image

Og det var då eg gjekk inn denne porten for første gong for sytten år sidan at det heile starta, mellom Jerusalem og meg…

Image

På promenaden med denne utsikta tok me bryllupsbilete for tretten år sidan!

Image

Denne leikeplassen stod eg og såg på at dei bygde for seks år sidan…

Image

…frå vindauget i vår dåverande leilighet nest øverst i denne blokka…

Image

…saman med prinsen og prinsessa mi på snart tre og snart eitt år… (*var det ikkje i forgårs??)

Image

Og i fleire år ha me no gått ganske så jamnleg til Vestmuren for å be og høyre Guds Ord lese på sabbatane. Det har vorte ein av dei absolutt kjæraste plassane mine på jord!Image

På veg dit gler eg meg over å sjå borna mine hoppe og springe framfor meg på Jerusalems gater, som til dømes den på biletet under. Det er så herleg å sjå korleis dei kjenne seg så heime… og det burde dei jo eigentleg… dei er jo heime! Heime i Jerusalem! For eit enormt privilegium!

Image

Jodå, Jerusalem har så absolutt vorte litt “mitt” også!

Advertisements

5 thoughts on “Mitt Jerusalem…

  1. Faster says:

    Så kjempekjekt å bli med deg på joggetur i dag……. Flotte bilder – kjenner meg så godt igjen….. Ha ein fin dag vidar 🙂
    Faster

  2. Sonja says:

    Fantastiske 🙂 kjekt å lese og se , du er så flink til å formidle med tekst og bilder 🙂 klem fra meg 🙂

  3. Stine Vikesland says:

    Hei Te’ena!
    Jeg gleder meg til å følge med på bloggen din. Har lest spalten din i Dagen i flere år, og føler på en måte at jeg har blitt litt “kjent” med deg. Setter veldig stor pris på å høre om hverdagslivet i Jerusalem og å lære mer om jødiske skikker og høytider. Koselig å også få se bilder av hvordan dere har det. Gud velsigne deg og hele familien.
    Klem fra Stine

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s