Norsk eller ikkje norsk, det er spørsmålet…

Image

Forandringar kan vere skremmande… eller spennande… eller overraskande… eller skuffande… eller inspirerande! Eigentleg er det mykje ein kan bestemme seg for korleis ein vil ta, også når det gjeld forandringar. Ein har alltid mykje å vinne på å prøve å vere bevisst på å ha ei positiv haldning, og leite etter mulighetene og dørene som åpner seg rundt neste sving. Igjen, det er ei tid for alt! Eg kjenner meg skikkeleg glad for at det no er tid for blogging, og er spent på korleis dette vil utvikle seg. =)

Image

Denne bloggen er jo framleis i oppstartings- og etableringsfasen, og eg prøver meg fram og lærer noko nytt heile tida. Noko eg driv og vurderer fram og tilbake er dette med språket… Eg kjem nok ganske sikkert til å fortsetje å blogge på engelsk, men opprinneleg tenkte eg iallefall skulle ha eit vekentleg innlegg på norsk. Eg vil jo gjerne kome mine norske lesarar i møte… 😉 Kva tykkjer de? Er det nødvendig, eller er engelsken min forståeleg nok som han er? Eg vil setje pris på om de gir meg tilbakemeldingar på dette i kommentarfeltet under.

Image

Tok nokon bilete i hagen i dag. Hadde lyst å sende litt sol og sommar frå Jerusalem til dykk oppe i kalde nord! =)

Shalom frå Te’ena.

Advertisements

12 thoughts on “Norsk eller ikkje norsk, det er spørsmålet…

  1. Jon Håkon says:

    Kanskje du trenger å praktisere det norske skriftspråket nå som karrieren i Dagen er over 😉
    Tipper at mange vil sette pris på ett norsk innlegg i ny og ne.

    • Tusen takk for kommentaren, Jon Håkon! Det vert nok den vegen det går, ja. Andre har også sagt at dei trur nordmenn har lettare for å henge med om der er litt norsk frå tid til annan. 🙂

  2. Cathrine Pedersen says:

    Gjerne litt nynorsk, ja takk…!

  3. Faster says:

    Enig i at nynorsk e eit fantastisk språk å ‘blogge’ på………

    • Hei faster!! 🙂 Takk for kommentar! Ja, nynorsken ligg vel for nær hjarta til å kunne gje han opp slik utan vidare… Det einaste er at eit norsk innlegg ekskluderer alle som ikkje forstår norsk…

  4. Cathrine Pedersen says:

    Dine gamle lesarar frå Dagen set nok pris på nokre norske innlegg i ny & ne…som meg sjølv 🙂 Flott at du bloggar og når forhåpentligvis lenger ut. Interessant lesning frå innsida om kulturen, folket, tradisjonar, ulikskapar og ikkje minst Herrens hand i det heile…!
    Klem frå Cathrine(og frå ei vestlandsøy – Osterøy v/Bergen 🙂

  5. Veslemøy Bakke says:

    Veldig hyggelig med innlegg på norsk. Har vært så hyggelig å følge deg i Dagen, jeg har lært mye om jødenes skikker og høytider på den måten. Hilsen Veslemøy fra Sandefjord

  6. Berit says:

    Jeg synes også du kan skrive et og annet innlegg på norsk, da føler jeg at du snakker spesielt til oss nordmenn, og vi får vite noe som ingen andre får vite ;o)
    Det har vært interessant å følge deg i “Dagen”, og jeg ble glad da jeg leste at du skulle begynne å blogge.
    Gleder meg til fortsettelsen.

  7. Hei Berit! Takk for din oppmuntrande kommentar! Ja, eg tenkjer det vert om lag eit norsk innlegg i veka, og enkel engelsk ellers. 🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s